fredag 30. september 2011

Frihelg

Ei frihelg skal nytas. Helga for to veker sidan var søstra mi ein tur på besøk etter å ha fullført Birken. Ho klarte sjølvsagt merke også, flink som ho er! Derfor tok vi helga veldig roleg her i Østfold. Etter å ha henta ho i Oslo kosa vi oss lørdagskvelden med middag ute, og avslutta med kafè søndags morgen etter ein lang frukost heime i leiligheta. På kafè hører godsaker til :)


I løpet av den helga fekk eg også tatt fram symaskina igjen. Så da fekk eg prøve meg på ei babybukse. Har lenge hatt planar om å prøve meg på nokre slike sidan dei ser så enkle og fine ut, og etter litt knoting så fekk eg det til! Både tekstil (blåstripete strech jersey og brun kordfløyel) og mønster vart kjøpt på Panduro, ettersom eg ikkje var fornøgd med nokon av mønstra som ligg ute på nett. Så no kan eg sy fleire slike som eg kan få gitt vekk til alle gravide venninner rundt om meg :)  

Dei nye merkelappane som eg har bestilt fekk eg i posten her om dagen, så no kan eg begynde å sy på dei også. Gir eit litt meir artig særpreg på kle og utstyr :)