tirsdag 14. desember 2010

Ein liten realiy-get-away

Etter eit hektisk halvår i ny jobb, i ny by og med mykje mas og tjas rundt meg, ville eg berre komme meg litt vekk. Vi var 3 stk som fekk tak i rimelege flybillettar og 3 heilt greie hotellrom i Marrakech. To veker etter avgjerdsla var tatt satt vi på flyet. Vi forlot Norge, som skimta med -20 grader i Oslo, grytidlig tirsdags morgen, og var framme i Marrakech, og 40 grader varmare, 5 timar etter. 
Dette skulle bli godt!

Etter å ha prøvd å fått tak i taxi frå flyplassen til hotellet i ca. 45 min, gjekk vi inn på flyplassen igjen og leigde ein leigebil for heile oppholdet. Å prute pris på taxi kvar dag gadd ikkje vi etter den lille prøvelsen på flyplassen, og leigebilane var ikkje dyre. Leigebilen gjor jo at vi vart veldig frie og dermed kunne reise dit vi ville, når vi ville.

Mykje av tida vår i Marrakech brukte vi på Medinaen, gamlebyen i Marrakech. Markedet Djemaa el Fna underholdt oss både på formiddag og kveld med menn med slanger, aper i bånd, appelsinboder, selgara av alle slag, spådamer, henna-malere, medisinmenn og fortellere.

Eine dagen valde vi å ta ein tur til Atlasfjella. Vi spurde oss fram i byen og i forskjellige landsbyar, og klarte til slutt å havne opp i fjellheimen. Her vart vi møtt av små landsbyar med mykje fin natur. Heilt øverst parkerte vi bilen og fekk med oss ein gut som viste veg opp i fjellet. Der fekk vi sjå fossefall og god utsikt ned til landsbyen. Vel nede fekk vi kjøpt oss Tajiine grilla kylling- og oksekjøtt. Godt med mat i magen og kald drikke etter vandring i fjellet i varmen.    




Marrakech hadde mykje fin og gammal arkitektur i byen. Her bl.a. Koutoubia Moskèen, og nokre små-detaljar frå Bahia Palasset som vi fekk oss ein tur inn i.

 Eine dagen fekk vi lyst å reise vekk å sjå noko meir enn byen. Vi valgte derfor å stikke til Casablanca, ein stor by ved kysten av Marokko. Men sjølv om den er den største byen i Marokko, har den likvel ikkje så mykje å tilby turistar. Vi prøvde ut litt shopping, men fant ut at vi ikkje tjente noko på prisane her, og utvalget var ikkje så stort. Vi kjørte derfor like godt til sjøen og fekk gått litt på stranda og ete litt middag på ein restaurant der, før sola begynte å gå ned. Pga mange røvera og plyndrera langs veiane mellom Casablanca og Marrakech, prøvde vi å komme oss avgårde litt kjapt. Dette førte til at vi kjørte feil og dermed brukte litt over en times tid meir enn kva vi trengde.. Men vi fekk iallefall sett litt av ødemarka i Casablanca.


Turen var eit herlig avbrekk frå kvardagen heime, og det var derfor veldig kjedelig og tungt å reise heimatt lørdag ettermiddag. Ingen hadde lyst å sette seg på flyet og ta farvell med + 30 grader. Ein får vel heller berre stå på å jobbe, slik at ein har pengar til ein ny tur snarast mogleg! For dette var verkeleg godt for både kropp og sjel..!

søndag 28. november 2010

1. søndag i advent

Tenn lys!
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.

1. søndag i advent er komen, og eit lys blir tent i heimar rundt i landet. Eg fekk tent eit lys i kveld eg og, i min halvferdige adventslysestake. Noko særleg middag vart det derimot ikkje. Eg jobbar tidligvakt heile helga, og er da passe utslått etter jobb når eg kjem heim. Å stå opp 04.00 er ikkje så veldig humant - iallefall ikkje når ein ikkje får sove i løpet av natta..


Forrige helg hadde eg julebord her heime for nokre jenter på jobben. Vi kosa oss med mykje god tapas som alle hadde bidratt med i god og varm stove, før vi var ute på "byen" en tur etterpå. God stemning blant jentene førte til ein hyggeleg kveld og godt sosialt samvær. Det har blitt lite av det i den siste tida, sidan alle jobbar forskjellig og har mykje å gjere kvar for seg. Forhåpentlegvis blir det bedre over nyttår for min del, då ein ny turnus skal setjast i verk.

søndag 14. november 2010

Ein dag for far

 Farsdag skal gi fedre ein dag der dei får kos og hygge, og bli vist at dei vert sett pris på. Pappan min fekk pakke i posten med eit kort eg hadde laga, samt eit Illustrert Vitenskap blad og ein sjokolade. På den måten fekk han iallfall satt seg ned og slappa av med noko han synes er interessant :-) Og det igjen gledar meg.

Eg for min del har hatt ein roleg søndag der eg har fått slappa av heime med baking av grove rundstykker og latt kreativiteten fått utløp ved å lage kort. Fekk prøvd ut nokre nye ark og stemplar eg har kjøpt inn til julekorta, og endte opp med 3 kort til slutt. 2 av desse skal eg sende av gårde allerede no snart til to gode venninder; ei på Svalbard og ei i Bergen ;-)


Ute har det vore mildt i dag. Det lille av snø som hadde kome forsvann rimeleg kjapt av regn og mildver.. Eg hadde plana om å komme meg ut på ein tur i dag også, men innen den tid hadde sola gått ned. Utsynet frå stova mi er iallefall upåklagelig på ein slik trollsk dag!



torsdag 4. november 2010

Fridag før arbeidshelg

Fridagar skal oftast nyttast til å få unna mest mogleg.

Denne dagen valgte eg å sove lenge før eg måtte ut å nyte sol og nydeleg haustver. Tok meg derfor like godt ein tur i stallen og fekk ridd litt på Mr. Virus! Ein artig kar med stor personlegheit. Dermed fekk eg kombinert litt aktivitet ute samtidig som eg gjorde noko nyttig. Mr. Virus treng jo treninga si! 

Resten av dagen blir brukt til å sveipe over leiligheita med moppen, og ete god middag samt slappe godt av og ladde batteria før helga. Då ventar arbeid, arbeid og atter arbeid, men med gode kollegaer og interessante oppgåver og utfordringar.

onsdag 27. oktober 2010

Haustvèr gir innekos

Enkelte dagar på hausten vil berre ikkje sola komme fram. Det er då det er koselig å varme opp stova med stearinlys og få fram si kreative side. Stova treng fortsatt å få på plass en del småting før det blir skikkelig heimekoseleg, så da nytta eg moglegheita denne helga.

Eg fekk meg eit par turar i marka for å hente kvistar og greiner, og til slutt hadde eg nok til kransen min.



Forrige helg var eg heime en tur saman med familien min på vestlandet, så da fekk eg med meg ei symanskin nedatt til østlandet. Denne mått jo testast, og nokre hjerter vart noko av resultatet.


 Litt grovbakst fekk eg også tid til innimellom slaga.


mandag 11. oktober 2010

Fargespel i haustsola

Frihelg.
Sola har kome opp før eg har fått reist meg opp frå senga. Eit sjeldan tilfelle. Lysstrålane skin gjennom persienna. Kilar meg. Fristar meg. Kom ut!  Denne dagen må nytast ute, uansett kor trøtt eg er.









Sykkelen fekk støtte seg til husveggen mens eg såg over at alt var slik det skulle. Litt meir luft. Litt olje her. Stramme den skruen. Slik! Då var vi klare.



Sekken med camelback, frukt og fotoapparat på ryggen. Hjelmen på haudet. Opp med glidelåsen. Kjør!



Ein hjorteflokk et kveldsmåltid






















  
Resultatet vart ca. 4 tima ute og ca. 4 mil tilbakelagt på sykkelsetet. Glommastien, med diverse avstikkarar, fekk skimte frå si beste haustside denne søndagen. Batteria mine vart lada, og ei god treningsøkt vart gjennomført.

tirsdag 21. september 2010

Hvaler

Hvaler
Søndag er turdag, så da var det bare å finne et turmål og komme seg ut døren. Valget denne søndagen falt på Hvaler. Har vært der et par ganger før, men aldri hatt tiden til å bare gå rundt og nyte naturen. Denne dagen ble perfekt til dette: sol som varmet, blå himmel og en luftig bris fra havet som fylte lungene med ny energi.

Pikesten fyr