tirsdag 25. oktober 2011

Sunnmørshelg

  

I det vi rullar ut på flystripa, piloten og flytårnet gir sine beskjedar og klarsignal til avgang, og turtalet aukar i flymotoren, kjenner eg det sitrar i kroppen min. Ikkje berre skal eg heim til Sunnmøre, men eg får sitte i cockpit'en på Widerøe-flyet! Piloten kikar bort på meg mens eg rettar på headset'et og spør: "Er du klar?". Eg nikkar tilbake og smilar bredt. "Da flyr vi!"

Piloten gir full gass og eg blir pressa tilbake i det lille klappsetet eg har fått tildelt, plassert midt mellom pilot og styrmann. Eg har panoramautsikt over alt som skjer! Ikkje lenge etter flyr vi gjennom skydekket og rettar flyet mot sunnmøre. Autopiloten vert slått på, og praten går sin gang. På den lille timen flyturen tok, fekk eg full instruksjon i alle instrumenter i cockpit'en, og vi diskuterar politikk og fjellturar. Eg nyt følelsen av å få lov til å overvære alt som vert gjort og sagt på radio, i tillegg til å få ei utsikt ingen andre passasjerar har.

I det vi nærmar oss Hovden åpnar skyene seg, og vi får ei visuell innflygning. Ørsta og Volda viser seg frå si beste side, ramma inn av snødekte alpefjell. Vi flyr over huset mitt, rundar fjorden med store skumdottar og får ei humpete men spennande innflygning. I det vi landa på flystripa kjenner eg det spenner i kinna mine. Eg har sete med eit stort glis heile vegen!

Helga går som vanleg altfor raskt når eg er heime med familien. Med huset fyllt opp med foreldre, søsken, svigersøster og ein aktiv nevøkrabat på 4 år, er det mykje som skjer. God mat, leik og mykje prat er obligatorisk, men tid til tur i fjell og skog fekk vi og.

Eine dagen var det trolltur i skogen med nevøen. Gutongen elskar å være ute, men å gå tur er kjedeleg. Derfor hjelper det godt på å ha ei tante som kan dikte opp eventyr på vegen, så alle stega vert gløymd. Dovregubbar, Tusseladdar, Jyttar og andre skogstroll vart leitt etter, men det viste seg at eit ekorn i tretoppen var det villaste vi såg.




Mandagen viste seg med sol og blå himmel, så da bar det rett til fjells. Kvikksølvet på gradestokken kraup godt over 15'C før vi starta på turen, så vi fekk kjenne nokre etterlengta solstrålar som varma ansikta våra på heile turen. Til tross for fall i steinur, blod og sveitte, kom vi til topps. Iallefall så langt det gjekk utan gamasjer og med ein tidsfrist å rekke (middag med komle og flyavgang frå Hovden). Nydeleg utsikt over sunnmøre var ei herlig belønning!



 
Takk for helga!