tirsdag 13. desember 2011

Vintersol

Turer i marka gir meg påfyll av energi, både gjennom frisk luft, solstrålar og avkobling.. :)

lørdag 10. desember 2011

julekos

På tide å ta fram papir og saks og lage julekort igjen. Ei lita kveldsøkt resulterte i 3 julekort.



lørdag 3. desember 2011

Ferdig med fleire prosjekt som har tatt plass i strikkekurven ei tid. Alle er basert på oppskrifter i boka "Myk start".





fredag 18. november 2011

Hausten tek med seg gule og røde fargar, solstrålar som gir fantastiske lysbilder, klar nattehimmel, frisk luft og mange fine turar i naturen. Men den tek også med seg kald vind, mørke kveldar, regn og frost og dermed også fleire innekveldar med tente stearinlys, te og ullteppe.

Nokre av desse kveldane har eg fått leika meg litt på kjøkkenet også. Å utforske nye oppskrifter eller prøve meg fram med fri fantasi er kjekt når eg først har tid til dette. Ettersom noko av dette resulterer i litt større porsjoner enn kva eg klarer å ete opp sjølv, er det godt å vite at kollegaer på jobben ser positivt på å få ei kake eller to etter lunsj på ein kvardag eller på nattevakt ei helg :)



Ettersom det ofte blir lange kvelder i sofaen er det kjekt å ha litt godt lesestoff også. For litt sidan vart det bestemt; i påska 2012 skal søstera mi, eg og ei venninne av oss til India! Då blir det backpacking i 2 veker :) Kvar ruta skal gå er ikkje bestemt enda, men alle vil oppleve mest mulig. Lonely Planet blir då til god hjelp for å finne ut av dette.

søndag 13. november 2011

Tur i haustkulda

Enkelte gangar eg er på tur angrar eg for at fotokameraet ligg igjen heime og at alt eg har er kameraet på mobiltelefonen...



 



mandag 7. november 2011

Stockholm - skandnavias hovudstad


Å få vinke farvell til kollegaer etter berre å ha jobba fram til lunsj på ein mandag, er ein herleg følelse. Vi var 3 jenter som flirte godt da vi gjekk fra kontoret til bilen med kvar sin bag. Inne i bilen lener vi oss godt tilbake i setet og tek på oss solbrillene - Stockholm here we come!

På hotellet i Stockholm sentrum samlast vi fleire jenter. Heile 10 kollegaer er vi samla i byen for å oppleve Stockholm i haustfargar, shopping og ikkje minst grunnen til vi kom på å stikke til Stockholm; Rihanna konsert. Billettane vart bestilt for over eit år sidan på ein jentekveld, og no var endelig tida komen.

På 3 dagar får vi med oss felles middagar og lunsj, vi får gått gatelangs og utforska både Gamlastan, sentrum og Sødermalm, og vi får opplevd konsert sammen med 15000 andre mennesker i Globen. Både konserten dagen før i Malmø og dagen etter i Stockholm vart avlyst, så vi var glade for at vi fekk opplevd den.

Alle var godt fornøyd med oppholdet i Stockholm da vi reiste der i frå. Og vi er nok fleire som har lyst tilbake dit på januarsalg - for shoppingby det var det!  





 



                       








tirsdag 25. oktober 2011

Sunnmørshelg

  

I det vi rullar ut på flystripa, piloten og flytårnet gir sine beskjedar og klarsignal til avgang, og turtalet aukar i flymotoren, kjenner eg det sitrar i kroppen min. Ikkje berre skal eg heim til Sunnmøre, men eg får sitte i cockpit'en på Widerøe-flyet! Piloten kikar bort på meg mens eg rettar på headset'et og spør: "Er du klar?". Eg nikkar tilbake og smilar bredt. "Da flyr vi!"

Piloten gir full gass og eg blir pressa tilbake i det lille klappsetet eg har fått tildelt, plassert midt mellom pilot og styrmann. Eg har panoramautsikt over alt som skjer! Ikkje lenge etter flyr vi gjennom skydekket og rettar flyet mot sunnmøre. Autopiloten vert slått på, og praten går sin gang. På den lille timen flyturen tok, fekk eg full instruksjon i alle instrumenter i cockpit'en, og vi diskuterar politikk og fjellturar. Eg nyt følelsen av å få lov til å overvære alt som vert gjort og sagt på radio, i tillegg til å få ei utsikt ingen andre passasjerar har.

I det vi nærmar oss Hovden åpnar skyene seg, og vi får ei visuell innflygning. Ørsta og Volda viser seg frå si beste side, ramma inn av snødekte alpefjell. Vi flyr over huset mitt, rundar fjorden med store skumdottar og får ei humpete men spennande innflygning. I det vi landa på flystripa kjenner eg det spenner i kinna mine. Eg har sete med eit stort glis heile vegen!

Helga går som vanleg altfor raskt når eg er heime med familien. Med huset fyllt opp med foreldre, søsken, svigersøster og ein aktiv nevøkrabat på 4 år, er det mykje som skjer. God mat, leik og mykje prat er obligatorisk, men tid til tur i fjell og skog fekk vi og.

Eine dagen var det trolltur i skogen med nevøen. Gutongen elskar å være ute, men å gå tur er kjedeleg. Derfor hjelper det godt på å ha ei tante som kan dikte opp eventyr på vegen, så alle stega vert gløymd. Dovregubbar, Tusseladdar, Jyttar og andre skogstroll vart leitt etter, men det viste seg at eit ekorn i tretoppen var det villaste vi såg.




Mandagen viste seg med sol og blå himmel, så da bar det rett til fjells. Kvikksølvet på gradestokken kraup godt over 15'C før vi starta på turen, så vi fekk kjenne nokre etterlengta solstrålar som varma ansikta våra på heile turen. Til tross for fall i steinur, blod og sveitte, kom vi til topps. Iallefall så langt det gjekk utan gamasjer og med ein tidsfrist å rekke (middag med komle og flyavgang frå Hovden). Nydeleg utsikt over sunnmøre var ei herlig belønning!



 
Takk for helga!



fredag 30. september 2011

Frihelg

Ei frihelg skal nytas. Helga for to veker sidan var søstra mi ein tur på besøk etter å ha fullført Birken. Ho klarte sjølvsagt merke også, flink som ho er! Derfor tok vi helga veldig roleg her i Østfold. Etter å ha henta ho i Oslo kosa vi oss lørdagskvelden med middag ute, og avslutta med kafè søndags morgen etter ein lang frukost heime i leiligheta. På kafè hører godsaker til :)


I løpet av den helga fekk eg også tatt fram symaskina igjen. Så da fekk eg prøve meg på ei babybukse. Har lenge hatt planar om å prøve meg på nokre slike sidan dei ser så enkle og fine ut, og etter litt knoting så fekk eg det til! Både tekstil (blåstripete strech jersey og brun kordfløyel) og mønster vart kjøpt på Panduro, ettersom eg ikkje var fornøgd med nokon av mønstra som ligg ute på nett. Så no kan eg sy fleire slike som eg kan få gitt vekk til alle gravide venninner rundt om meg :)  

Dei nye merkelappane som eg har bestilt fekk eg i posten her om dagen, så no kan eg begynde å sy på dei også. Gir eit litt meir artig særpreg på kle og utstyr :)

søndag 28. august 2011

Babyteppe

Vart ferdig med eit babyteppe prosjekt i helga, som eg begynte på for ikkje så lenge sida. Tok utgangspunkt i Mor Signe-oppskriftene som ligger ute på nettet, og la til ei ekstra hullrad litt lengre inn på teppet. Til slutt fullførte eg verket med ein blondekant. Oppskriften til den fann eg i boka "Myk Start". Kjøpte den for ikkje så lenge sida, og der er mykje fint og enkle ting å strikke til ungar opp til 1 år. Likte den godt :)
Teppet har eg strikka i ein alpakkablanding og brukt store pinnar, så teppet er lett, luftig og varmar godt!

                                                 

lørdag 27. august 2011

Strikk og scrap


Det har vore mange rundt meg som har fått babyar og småungar som har fylt år i det siste. Då må det litt gaver og kort til. Her er noko av det eg har fått laga så langt i sommar.

 Ei venninne fekk ei lita jente i juli, så da vart det strikka nokre sokkar og ei lue til jentungen.





Gudbarnet mitt fylte 1 år i august.























Og nevøen min blir 4 år i september :) Etter ein sommar der han fekk oppleve Kaptein Sabeltann, er eit sjørøverkort ein sjølvfølge for bursdagsgutten :)



fredag 26. august 2011

Summertime..


and the living is easy..

Sommaren er easy living, iallefall når ein har ferie. 
Denne sommaren hadde eg 2 veker med ferie, og alle dagane vart brukt på vestlandet. Eg hadde ca. 1 veke der vi reiste til Bulandet og utforska den gamle stammen av familietreet, i tillegg til utforsking av øyriket. Nordens Venezia vert det kalla, og rettmessig syntes eg også. Eine kvelden fekk vi lånt oss ein robåt og rodde i eit par timar mellom øyar, naust, hus og båtar i solnedgangen. Vakkert!
Ellers gjekk tida vekk til familie, vennebesøk og fjellturar på Sunnmøre. Tida gjekk som vanleg altfor fort, og før eg visste ordet av det var eg på østlandet og tilbake på jobb igjen. Og no er hausten komen. Tenkte derfor å dele nokre få bilder frå sommaren min, så kan eg drøye sommaren litt til:

Bulandet


Lisje nevøen som prøvar å få tak i eit lam



Snøhornet på Sunnmøre