onsdag 25. januar 2012

Flybilletter er kjøpt og første overnatting i Delhi er bestilt. Visum søknaden har eg endeleg klart å få fyllt ut, så no gjenstår berre bilder og få sendt det av gårde. Spennande tider i vente med andre ord :)

Nokre småprosjekt fekk eg også fullført i løpet av frihelga mi. Artig å få til ting eg har sett for meg i tankane lenge. Kjolen er faktisk avtegna ein gammal kjole eg hadde når eg var lita, som mi mor sydde til meg :) Kjekt å få liv i gamle ting på den måten. Eg laga forkle-kjolen med knyting bak slik at den kan brukast på begge sidene - alt etter humør og tilbehør.

Det går mykje i rosa og lilla farge for tida, men slik blir det når alle rundt meg berre får jenter :)


Forkle-kjole


Enkelt strikka ulldress


mandag 16. januar 2012

Forberedelsar til tur

Sitt og surfer på nettet etter teleobjektiv til fotokameraet mitt. Eg vil prøve å få tak i eit før eg reiser til India. Denne gangen skal eg ha eit objektiv eg klarer å komme meg inn på mennesker med, uten at eg nødvendgvis treng å trenge meg inn på dei. India byr jo på så mykje av fargar og inntrykk, at eg vil prøve å få tatt mest mulig bilder slik at eg også får med meg opplevelsen heim att. Men med ikkje så altfor mykje pengar å rutte med, så har eg sett meg ut eit Canon EF 55-200mm objektiv. Det skal holde trur eg. Så no ventar eg på svar frå folk som selger slike brukt..


Taj Mahal!

Ellers har eg syssla med litt handarbeid også som vanlig. Har fått ferdig ein "pakke" til ei vennine som ikkje fekk så veldig mykje då lisjejenta hennar vart fødd. Så då tenkte eg å fylle på med litt godsaker til. Ei bukse av rosa cordfløyel og bommulsribb, ein artig bamse hekla etter litt fri fantasi, og eit par tøfler strikka etter ein kombinasjon av fri fantasi, ein liten tanke om korleis dei skulle sjå ut, og eit par oppskrifter eg henta litt hjelp frå.


Då eg skulle reise heimatt etter juleferie på vestlandet, var flyet mitt innstilt på grunn av orkanen som herja over kysten. Vi fekk derfor tilbud om buss til Gardermoen. Med tanke om at dette kom til å bli ein lang tur, kjøpte eg noko godt og eit KKblad i kiosken på flyplassen før vi køyrde avgårde. Til min skuffelse oppdaga eg at bladet var overøst med reklame - over 50% av bladet var reklame! Irritert som eg var sendte eg ein mail til KK då eg kom heim og la ut om min skuffande opplevelse. Eg fekk overraskande nok svar kjapt og begrunnelse på kvifor dette nummeret var slik det var. I tillegg ville dei sende meg ein pakke som plaster på såret. Dagen etter fant eg heile to pakkar i postkassa mi. Ein pakke med det nyaste KKbladet - som for øvrig hadde minimalt med reklame denne gangen - og ein pakke med eit armband og ein gavepakke frå Declèor med ansiktspleie. Dette var over all forventning KK! Eg treng vel kanskje ikkje sei at denne kvelden vart brukt til spa-kveld på badet der eg fekk testa nye ansiktsprodukt og ein lang kveld i sofaen med te-koppen og KK.. Herlig etter ein lang og slitsom dag på jobben!