onsdag 25. januar 2012

Flybilletter er kjøpt og første overnatting i Delhi er bestilt. Visum søknaden har eg endeleg klart å få fyllt ut, så no gjenstår berre bilder og få sendt det av gårde. Spennande tider i vente med andre ord :)

Nokre småprosjekt fekk eg også fullført i løpet av frihelga mi. Artig å få til ting eg har sett for meg i tankane lenge. Kjolen er faktisk avtegna ein gammal kjole eg hadde når eg var lita, som mi mor sydde til meg :) Kjekt å få liv i gamle ting på den måten. Eg laga forkle-kjolen med knyting bak slik at den kan brukast på begge sidene - alt etter humør og tilbehør.

Det går mykje i rosa og lilla farge for tida, men slik blir det når alle rundt meg berre får jenter :)


Forkle-kjole


Enkelt strikka ulldress


1 kommentar:

  1. Så flott "kjole". Kjekt for meg og at du "tek opp arven" etter mormor og mor ang. sying :-)
    Nydelige sokker og artig bamse var det også. Flinke taus!!!! Klem fra mora

    SvarSlett