søndag 28. november 2010

1. søndag i advent

Tenn lys!
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.

1. søndag i advent er komen, og eit lys blir tent i heimar rundt i landet. Eg fekk tent eit lys i kveld eg og, i min halvferdige adventslysestake. Noko særleg middag vart det derimot ikkje. Eg jobbar tidligvakt heile helga, og er da passe utslått etter jobb når eg kjem heim. Å stå opp 04.00 er ikkje så veldig humant - iallefall ikkje når ein ikkje får sove i løpet av natta..


Forrige helg hadde eg julebord her heime for nokre jenter på jobben. Vi kosa oss med mykje god tapas som alle hadde bidratt med i god og varm stove, før vi var ute på "byen" en tur etterpå. God stemning blant jentene førte til ein hyggeleg kveld og godt sosialt samvær. Det har blitt lite av det i den siste tida, sidan alle jobbar forskjellig og har mykje å gjere kvar for seg. Forhåpentlegvis blir det bedre over nyttår for min del, då ein ny turnus skal setjast i verk.

1 kommentar:

  1. Herlig! :) Bra du fe nyte adventstida litt, og du laga det jo saa fint til ogsaa. Gleda mej til aa komme paa besoek i vaar.

    God tur til Marrakech (eller kor de skrivast)!
    Klem

    SvarSlett