søndag 28. august 2011

Babyteppe

Vart ferdig med eit babyteppe prosjekt i helga, som eg begynte på for ikkje så lenge sida. Tok utgangspunkt i Mor Signe-oppskriftene som ligger ute på nettet, og la til ei ekstra hullrad litt lengre inn på teppet. Til slutt fullførte eg verket med ein blondekant. Oppskriften til den fann eg i boka "Myk Start". Kjøpte den for ikkje så lenge sida, og der er mykje fint og enkle ting å strikke til ungar opp til 1 år. Likte den godt :)
Teppet har eg strikka i ein alpakkablanding og brukt store pinnar, så teppet er lett, luftig og varmar godt!

                                                 

1 kommentar:

  1. Så aktiv du var på bloggefronten no plutselig! Bra, kjekt å sjå bilder av det du laga :) Teppet var kjempefint!

    SvarSlett