fredag 18. november 2011

Hausten tek med seg gule og røde fargar, solstrålar som gir fantastiske lysbilder, klar nattehimmel, frisk luft og mange fine turar i naturen. Men den tek også med seg kald vind, mørke kveldar, regn og frost og dermed også fleire innekveldar med tente stearinlys, te og ullteppe.

Nokre av desse kveldane har eg fått leika meg litt på kjøkkenet også. Å utforske nye oppskrifter eller prøve meg fram med fri fantasi er kjekt når eg først har tid til dette. Ettersom noko av dette resulterer i litt større porsjoner enn kva eg klarer å ete opp sjølv, er det godt å vite at kollegaer på jobben ser positivt på å få ei kake eller to etter lunsj på ein kvardag eller på nattevakt ei helg :)



Ettersom det ofte blir lange kvelder i sofaen er det kjekt å ha litt godt lesestoff også. For litt sidan vart det bestemt; i påska 2012 skal søstera mi, eg og ei venninne av oss til India! Då blir det backpacking i 2 veker :) Kvar ruta skal gå er ikkje bestemt enda, men alle vil oppleve mest mulig. Lonely Planet blir då til god hjelp for å finne ut av dette.

3 kommentarer:

  1. Så koselig! Og så bra at du he begynt å lese om India! E greit å komme i gang me planlegginga :)

    SvarSlett
  2. Heldige kakespisere!Dette kan du. Kjekt! morhubro

    SvarSlett
  3. India-boka må være tidenes tjukkaste. Noke som nok tyda på at India he ekstremt mykje å by på. Men der e masse artig lesestoff. Kjekt å komme i gang med turen allerede heime i stova :)

    SvarSlett